Blekkspruten

Blekkspruten er for barn mellom tre og seks år. Det er ei friluftsgruppe som er ute kvar dag. Me lagar maten vår på bålet og vekslar mellom intens aktivitet og reflekterande ro - men alltid med fokus på innsikt i naturen og forståelse, engasjement og glede i alt me gjer.

Dette er avdelinga for dei eldste barna i barnehagen, og her legg me vekt på eit aktivt og deltakande friluftsliv.

Dei vaksne på denne avdelinga har mykje kompetanse og ei genuin interesse for friluftsliv, noko som kjem barna til gode. Kvardagen reflekterer vår lokale flora, fauna og samfunn og gjennom aktiv bruk av skog og sjø som leike- og utviklingsarena vil me gi barna eit godt møte med kvarandre og naturen.

Det å vere ein Blekksprut er å vere stor, trygg og kompetent. Me er førebilete for dei minste og skal lære oss å syne omsorg. Me lærer å bruke kroppane våre, me lærer å kommunisere og å samarbeide. Me lærer om teknikk og vitskap. Og me gjer alt dette gjennom leik og å ta barnas innspel på alvor.

Struktur

Kvar fredag sender me ut vekeplan som reflekterer vèrmeldinga. Då køyrer me ofte veketema kor ein vil innom sanking og bruk av naturmateriale. Grovmotorisk og finmotorisk aktivitet i tillegg til språklege elementer som reflekterer sang, tekst og kultur - spesielt lokal historie og tradisjon.

Måndag har me tid i barnehagen. Me har ekstra fokus på kaninenens velvære og er i Vikinghagen vår.

Tysdag og Torsdag er me på langtur til fots i skogen. Då arbeider me på leirplassane våre eller rett og slett utforsker nærmiljøet. På turane har me også skulegruppe, der me arbeidar med ulike ferdigheter som er godt å kunne til skulestart. I desse møtene er det også eit større og betre rom for dei å undre seg og fordypa seg i ulike tema tilpasser dei. 

Onsdag og Fredag har me satt av arbeid i vikinghagen, til leik i barnehagen, ulike prosjektarbeid og til sykkelturar. Då syklar me med barnehagens EL-syklar kor borna sit framme og blir ført til spanande plasser som til fjelltur på Siggjo, Moster Amfi, til sjøen og til andre stader me vil besøka.