Kråkebolla

Velkomen til friluftslivets krybbe! Her skal me gje dei minste borna tryggleik og eit godt og viktig fyrste møte med naturen. Me går både på tur og nyttar miljøet i barnehagen som er skreddersydd for å kunne oppleve naturen innanfor portane.

Kråkebolla består av 10 barn, frå eit til to år, og tre vaksne. 

Mykje skjer i løpet av barnets to fyrste år, og me organiserer arbeidet for å legge til rette for dei som skal bevege seg frå kryping til gåing og frå babling til prating. Dei store skilnadane i behov krev fleksibilitet i disponering av personal og areal.

Ettåringane

Dei aller yngste nyttar vogner, både til soving og til tur. Nokre av dei søv før lunsj, nokre etter og nokre begge deler.

Dei som kryp og lever livet sitt på gulvet har meir av dagen sin inne, samstundes som ein meiner at sansing i direkte kontakt med naturleg og komplekst materiale forsterker taktile inntrykk og gjer betre utvikling. Me skal oppleve livet i naturen, men og alltid ha tilgong på ly og varme. Ute har me ein gamme (samme konsept som ein lavvo), der barna kan gå inn å varme seg, og der har me låge senger slik at barna kan sove der inne på kalde dager. 

Toåringane

Etter som dei vert meir sjølvstendige til beins beveger dei seg over i store el-syklar og på kortare turar i nærmiljø, leirplassar og båt. No søv dei i hengekøyer, og nokre dagar får dei til og med vera med dei store på tur. Slik sikrar me at dei som etterkvart skal verte store Blekksprutar får ein trygg overgong.