Søke plass i Breiflabben?

Breiflabben Barnehage meiner barna har best mogleg grunnlag for trivsel og utvikling i små, trygge barnegrupper saman med stabile vaksne. Me tar difor kun i mot seks barn av kvart årskull, og forsøker å balansere kjønnsblandinga i desse gruppene. Les vidare for meir informasjon kring søknadsprosessen...

Våren 2019 tok Bømlo kommune i bruk eit felles digitalt opptak til barnehagane i kommunen. Det er fleire opptakspunkt i løpet av året (15.3, 1.8, 15.8. 15.10 og 15.12). August er hovudopptaket, og vil du ha plass her må du søke innan fristen 1. Februar. Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Og her er det altså opptak i August og søknadsfrist 1. februar som gjeld. Resten av året kan me ta inn barn om me har ledige plassar. I Breiflabben forsøker me å alltid ståande 2 plassar for naudsituasjonar.

De logger inn HER med Min-ID og får tilgong til ein portal kor de handterer alt frå søknad på barnehageplass til endring av opphald og oppseiing.

  1. I fyrste omgong skal kommunen godkjenne søknaden (dette er ein formalitet) før me i barnehagen får beskjed om at me har ein søknad og får tilgong til å handtere den. De må gjerne ringe oss om de treng hjelp med søknaden!
  2. Så sender me eit tilbod til dykk med informasjon av oppstart. Dette kan avvike frå kva de har søkt om, men då vil me ta kontakt med dykk i forkant. De får melding om at tilbod er utsendt og kan logge inn i portalen igjen for å ta i mot (eller avvise) tilbodet.
  3. Når dette er i boks sender me dykk ein e-post med informasjon om oppstart, tilvenning og andre spørsmål de kanskje har. De får påloggingsinformasjon til våre nettsider med bileter og planar.

Det å sende sitt fyrste barn i barnehage kan vere både rart og litt vanskeleg, og ein har kanskje mange spørsmål - men slapp av, me skal hjelpe :) Me ringer gjerne for å avtale eit (eller fleire) besøk i barnehagen i forkant av oppstart. For å førebu oppstart går me gjennom ulike formaliteter som interesser, utvikling, helse og anna relevant.

Det er viktig å vite at alle barn og foreldre handterer barnehagestart ulikt, og me finn eit løp som fungerer best for dykk og barnet dykkar. 

Om de har andre spørsmål må de berre sende oss på følgande vis:

E-post: dl@breiflabben.net 

TLF: 95 40 92 09

 

Me håpar de ser verdien i det me presenterer i Breiflabben Barnehage. Ein innovativ, kreativ og trygg stad for store og små!