Vårt slagord er: ”Vegen til å bli eit ekte friluftsbarn…”
Hos oss kan du levere det kjæraste du har i verda, og du kan vere sikker på at han/ho skal ha det godt og trygt, med varme vaksne og gode vener. Me brenn for å gje barna eit godt møte med naturen, men me vil og at dei skal oppleve venskap, utfordringar, mestring, omsorg og omtanke! Me vil hjelpe å byggje små filosofar, antropologar, biologar, tømrarar, dansarar - ja, kva det måtte vere! For uansett kva framtida bringer for ditt dyrebare gull, så er me sikre på at i gode møter med andre barn og vaksne som bryr seg om omgivnadane og kvarandre - kan me etablere eit best mogleg grunnlag for resten av livet!
Bli med oss på ferda!