Har du verdas viktigaste lille menneskje?

Er den vesle på veg? Eller er han/ho allereie her? Uansett om det er fyrste eller femte gong de avtalar eit møte med jordmor så veit me ein ting: Dykkar kjærleik til dette frøet er altomfattande! De vil gjere alt for at frøet skal få det godt! La oss fortelle korleis me kan leggje til rette for dykk...

Me driv av reint engasjement! Kvar og ein av dei vaksne sprett ut av senga fordi me brenn for kvardagen vår! Det er me som eig barnehagen! Me og ungane våre!

Vår filosofi er enkel: Kjærleik til naturen og til kvarandre, via erfaring, utfordring og mestring.

For dei minste er det tryggleik, ro og forsiktig grensetesting i eit intimt og positivt miljø. Me tilfører varme i alle former: Den varme maten som mettar magen. Det mjukje ullpleddet som varmar den vesle kroppen. Og sist men ikkje minst det omsorgsfulle smilet som utvidar det veksande hjarta!

Dei tar sine fyrste skritt på underlag av barnåler og mose - i stadan for asfalt. Små kroppar mottar komplekse signal frå eit naturleg miljø som stimulerer sansane med mjuke fargar, uforutsigbare former og spanande lydar.

Handa grip ikkje etter ein einsfarga og glatt leikespade som kun har eit bruksområde... Handa fangar i stadan ei kongle. Den er brun, men ikkje berre brun. Den er og litt mørk og litt lys. Den er glatt, men ikkje overalt, den er faktisk litt ruglete. Den luktar skog, eller kanskje mold? Den kan bli ein sau om me set på bein. Den kan leggjast i bålet, då brenn den. Om me tek den inn og tørkar den er det nett som den blømer. Den opnar seg, og kjennes med eit annleis i handa. Ekorn og fuglar synest den er god mat. Alt dette som ein ikkje alltid seier eller tenkjer over - Det skjer uansett. Inntrykka. Dei kompliserte inntrykka.

Me trygge vaksne føl den vesle som han/ho veks. Dei lærer å gå, så springe. Dei byrjar å snakke. Me føl dei! Dei vert store. Dei kan. Dei meistrar! Rørslene vert større, sinnet skarpare. Me held dei i handa når verda er skummel. Me tar dei på fanget når noko gjer vondt. Me slepp dei når vingene er sterke!

Dei vert større og stormar gjennom skogen! Kvart målbevisste skritt er eit avansert reknestykke. Hjernen tar hensyn til røter og steinar, den må vurdere om underlaget er hardt eller mjukt. Hjernen må faktisk heile vegen rekne fleire trekk fram. No må eg krype under den greina, den er for tynn til at eg kan halde meg i den. Og så kjem den store steinen... Skal eg hoppe over den eller springe rundt? Kva går fortast?

Ein silebane har reglar. Ein må klatre opp trappa og sile ned renna. Skogen virkar ikkje slik. Ein kan klatre opp berget, eller kanskje det treet som står like ved? Kanskje heng me opp eit tau som gjer klatreturen akkurat passe vanskeleg.

Under eit tre ved den sildrande bekken tar me ein pause. Me smakar, luktar, lytter og ser. Me kjenner. Me er! Saman og kvar for oss...

Barndommen vert prega av harmoni, glede og utforsking.

 

 

 

  

 

 

Finn oss på Facebook eller ring oss: 41 46 08 50 og spør kva me kan gjere for skatten din ;)

 

PS: Me tilbyr gratis bleier til alle (barn) som treng, og serverer tre sunne og gode måltid kvar dag: frukost, varm lunsj og sunn og god frukt.