Blekkspruten

Blekkspruten er for barn mellom 3 – 6 år. Dei er ei friluftsgruppe som er ute kvar dag. Me lagar maten vår på bålet og vekslar mellom intens aktivitet og reflekterande ro - men alltid med fokus på innsikt i naturen og forståelse, engasjement og glede i alt me gjer.

Dette er avdelinga for dei eldste barna i barnehagen, og her legg me vekt på eit aktivt og deltakande friluftsliv.

Dei vaksne på denne avdelinga har mykje kompetanse og ei genuin interesse for friluftsliv, noko som kjem barna til gode. Kvardagen reflekterer vår lokale flora, fauna og samfunn og gjennom aktiv bruk av skog og sjø som leike- og utviklingsarena vil me gi barna eit godt møte med kvarandre og naturen.