3-lags prinsippet

På vestlandet kan vèret vere på både vått og kaldt. Det er difor viktig å leggje til rettet for at barna likevel skal få gode opplevingar utan at vèr og vind skal øydeleggje. Av og til kan det vere spanande og godt å kjenne på naturen sine krefter - men best er det når me kan møte desse kreftene godt kledd :) Når ein kler seg for kaldt og vått vèr i Breiflabben tenkjer me i formatet “3 lag.”

Bildet er hentet fra Stormberg

Innerlag

Innerlaget skal sitje rett på huden (Tettsitjande) og har i oppgåve å transportere fukt vekk frå kroppen. Ull og polypropelene (superundertøy) fungerer best. Tynne plagg leder fukt best, medan tjukkare plagg isolerer best. Nokre tåler ikkje ull, då går ein gjerne for superundertøy. Bomull er ikkje egna då det held på fukta og gjer ein kald.

Mellomlaget

Mellomlaget skal vere noko lausare enn innerlaget, men fortsatt ha god kontakt med undertøyet. Mellomlaget skal isolere men og lede fukten frå innerlaget til ytterlaget. Fleece, ull, polypropelene og polyester er gode materialer å nytte her. Her er det eit stort pluss om plagget har reguleringsmoglegheiter som til dømes hette, lang glidelås, pulsvarmar, høg krage.

Ytterlaget

Det ytre laget skal blokkere vèr og vind medan det samstundes leder fukta ut. Vanlege plagg er skalljakker av gore-tex eller liknande. I barnehagar på vestlandet nyttar me gjerne kraftige regnklede, men ei godt vedlikehald gore-tex jakke gjer jobben like godt. Og her er reguleringsmoglegheiter greie å ha. Justering under arm, regulerbar hette og lang glidelås.

Fottøy

På føtene vil me ha ull, og gjerne godt av det. Temperaturen i føtene regulerer resten av kroppen. Eit spanande eksperiment de kan gjere er å sove ei natt med tjukke ullsokkar og ei natt utan noko - merk dykk forskjellen. Vinterstøvlar i goretex og neopren er bra no, men vanlege støvlar fungerer utmerka her vest med alt regnet vårt.

Hovudplagg

På hovudet er det fristande å gå for kule/søte/skjønne estetiske val frå ulike barnefilmar og anna, men desse egnar seg mindre i tøft ver, sjølv om dei kan vere supre til og frå barnehagen. Når regnskuren kjem er det ikkje enkelt for barna å ta hetta over desse plagga, og dei er ofte laga i bomull. Små, lette luer i ull eller liknande er det beste valet.

På hendene

Vanntette vottar er supre, ullvottar likeså. Hanskar er for dei større barna. Eit godt alternativ er pulsvarmarar eller fingerlause hanskar i ull. Desse varmar godt og lar barna framleis leike og bruke fingrane fritt.

Kommentarar

Gore-Tex: Viktig å merke seg at gore-tex aldri skal i tørkeskap, det tåler ikkje høge temperaturar. La det tørke i romtemperatur over natta.

Bomull: Held på fukten og øydelegg derfor funksjonen og samarbeidet i dei ulike laga.

Gummistøvlar: Isolerer ikkje, treng godt med varme sokkar.

Todelt: Det er lurt å tenkje todelt, noko som gjer det enklare for barn å regulere temperatur ved å ta av og på plagg. Vidare er det enklare å gå på do og byte bleier når me er i skogen. Tenk på at i regnet må me kanskje ta av alle kleda for å bytte ei bleie eller gå på do? Todelte plagg gjer dette enkelt og meir behageleg ;)

Byteklede

I hylla: Kor mykje ein skal ha i barnehagen kan vere eit vanskeleg spørsmål, men barnet bør minst ha to av alt. Når ein driv friluftsliv på vestlandet er det ein overhengjande far for å verte våt stort sett heile året ;) Det er difor viktig å vere forberedt. Godt utstyr sikrar trivsel. Og det treng heller ikkje vere dyrt om ein bekymrer seg for det - Til barn finst gode og rimelege alternativ, det viktigaste er å vere bevisst kva materiale ein vel.

I sekken: Ikkje alle i Breiflabben har sekk, men om dei har får dei den med på tur. I sekken er det lurt å ha eit sett med tynn ull/superundetøy, ein varm genser, byttesokkar og ei drikkeflaske. Dette må pakkast vanntett. Når det gjeld sekk er det viktig å ikkje kjøpe for stor, spør dei som jobbar i butikken. Og sjølv om barna nok ein gong gjerne vil ha ein sekk med kule filmfigurar på anbefalar me at de fokuserer på funksjon :)

Avslutningsvis

Det er flott om barna kan kome i innerlaget sitt i barnehagen, om de føler dette blir for lite kan de slenge på eit lite skjørt, bukse eller anna. Men når me går ut (og me er ute mesteparten av dagen) tek me av stort sett alt som er av bomull ;)

Det er og viktig at de tek ansvar for hylle, korg og sekk. Me skal gje tilbakemelding om kva me treng, men la oss gjere det til eit samarbeid. Ingenting av dette må tas som kritikk, me gjer så godt me kan for å sørge for at du og dine har det trygt, varmt og godt :)

God, varm og tørr vinter frå oss i Breiflabben :)

 

De kan lese meir her:

Stormberg- med utskrifbar plakat

G-sport - med video

XXL