Bibliotek Breiflabben

Me har opna vårt eige bibliotek i garderoben på Blekkspruten. Me har etterkvart fått mange bøker i barnehagen, og har bestemt oss for å gjere dei tilgjengelege for heimlån. Ja, har de nokre bøker de har lest dykk leie på heime tar me gjerne i mot :)

Leserutiner og fagleg påfyll

Noko av det viktigaste ein kan gjere for språket til borna er å lese for dei. Me nyttar bøker heile tida i barnehagen, men det kan vere vanskeleg å få tid til den trygge ein-til-ein-lesinga i ein travel barnehagedag. Me vil difor råde dykk til å sette av tid til å lese med ungane.

I barnehagen har ungane fått sansen for liksomleggetid. Då skal dei alle legge seg ned og lukke augene. No skal dei fantasere om det dei høyrer. Eventyra me vel her er ikkje spanande, skumle eller actionfylte. No skal me skape ro, tryggleik og forutsigbarhet. Medan me les er det roleg. Ved lyd/uro stoppar me til det er stille. Me nyttar mjuke og rolege lydar. Ein kan ikkje forvente at ungane alltid sovnar medan ein les, men når me er ferdige får dei ein klem og så fortel me at no skal me passe på dei til dei sovnar. Så er det stille.

Tryggleikssirkelen

Mange opplever at det å legge barn kan verte ein konfliktprega rutine. Det treng det ikkje vere, om ein tek seg tid og klarer å kombinere dei to viktigaste elementa i oppdraginga: Omsorg og ansvar. Dette er tryggleikssirkelen, og her MÅ du vere trygg før barnet kan verte trygt. Me arbeider for eit kurstilbod for tilsette og foreldre via kommunen. De kan lese meir her. Når ein har eit forhold prega av tillit, varme og bestemte vaksne skaper ein tryggleik og forutsigbarhet for ungane. Fortel kva som skal skje, og hold deg til manuset. No skal eg lese dette eventyret for deg, og så skal du sove medan eg passer på deg.

Mange ungar nyttar denne trygge tida til å snakke om det dei har opplevd om dagen. Me anbefaler å dempe belysninga slik natta er meint for å vere frå naturens side. Me snakkar mykje med ungane om kvifor det er viktig med ro, kvile og søvn. De kan lese meir om kva me fortel i denne artikkelen.  

Her er mykje å tenke på men me lover at dette er kunnskap som vil gjere forholdet mellom dykk i heimen betre - og ruste barna for eit liv med sjølvtillit, tryggleik og glede ;)

God natt :)