Kosthald - nøkkelen til vekst

Maten vår legg grunnlaget for utviklinga. Det heile er såre enkelt! Me får D-vitamin frå sola, men resten kjem frå maten... Difor må den vere rett og god!

Byggjesteinane

Ja, for me veit det jo eigentleg, alle saman. Om ein går ned til eit molekylært nivå sit ein att med atomer i ulike formasjonar - og dei same atoma går att i det meste av maten vår. Kroppen vår får i seg ulike molekyl gjennom mat, og deretter absorberer og forvandlar den desse stoffa. Kroppen bruker dei til å vekse - musklar, skjelett, tenner, hår og hjerne! Når ein seier at maten er byggjesteinane så meiner ein dette ganske så bokstavleg.

I Breiflabben Barnehage er me svært opptatt av å gje ungane dei rette byggeklossane, og samstundes ynskjer ein å stimulere både sansar og undring. Me vil at maten skal vere sunn, smake godt, sjå innbydande ut og sist men ikkje minst vil me at ungane skal delta i alt frå fangst til tilbereding. Me seerverer difor tre gode måltider i løpet av dagen:

Frukost

Me ynskjer å variere frukosten vår og har alt frå grove vafler og rundstykker til frukostblanding og graut. Me tilbyr melk, juice, te og vatn som drikke, og et saman med barna. Eit måltid er ein sosial arena - berre sjå kor viktig maten er når me vaksne skal hygge oss... Pålegget vår er sukkerfritt (Me kan skeie ut av og til) og variert.

Lunsj

Me serverer varm lunsj kvar dag, og har ein formel med 1/3 kjøt, 1/3 grønt og 1/3 karbohydrat. Ein dag i veka har me rein vegetar og elles vel me helst fisk og kylling (miljøvennleg og sunt). Av grønnsaker forsøker me å velge norsk, men hovudfokuset er variasjon. Gulrøtter, kål, brokkoli, paprika og tomat er dog eit must i løpet av veka. Av karbohydratar skal fokuset liggje på fiberrike og grove produkt. Av væske har me vatn, eller varm saft på kalde dagar. Når me tenkjer slik vert prosessen med å tilby dei rette stoffa til barn i vekst heilt automatisk.

Frukt

Her serverer me fyrst knekkebrød (Gjerne sjølvlaga) eller grove kornpodukt. Deretter får alle ein god dose frukt, med spesielt fokus på gulrot, banan, eple og appelsin. På fredagar slåt me ofte til med bålpoppa popcorn...

Væskeinntak

Til frukost kan me ha juice og melk, men resten av dagen drikk barna vatn. Då har dei gjerne ei flaske i sekken sin som gjer at dei kan slukke tørsten så snart den melder seg. Dette er viktig, og gjer i tillegg barnet mykje meistring - Det er stas å pakke og bære sin eigen sekk, særskilt når den faktisk er viktig.